Liv av daude bein

Du som skapar liv av daude bein.
Du kan endre hjarta mitt av stein.
Livspust andar du på meg.
Liv og glede får eg i frå deg.Uro fyller ofte dagen min.
Angst og mørke skjuler nåden din.
Pust di Ånd på nytt på meg.
Reis meg opp med styrke i frå deg.Ref:
Ver meg nådig, du min Herre!
Fyll meg meire med din fred!
Skap i meg eit heilt nytt hjarta,
gjev meg kjærleik, håp og gled meg!Du har sagt; Ver trygg du er mitt barn!
Sjølv når fienden legg ut sitt garn.
Du, som skapte alt på jord.
Tenk, du elskar meir enn kvar ei mor!Ref:
Herre, la meg søkje meir av deg!
La meg vandre, trygg, på himmelveg!
Fyll meg med din fred så stor.
Du, som er min frelsar, far og bror.Ref:
0 Comments