Kom nær meg kjære Far

Skrevet til «et annerledes møte» på Lye Forsamlingshus i 2011.

Tekst: Ragnhild Hanssen
Melodi: Ragnhild Hanssen
Sang: Ragnhild Hanssen
Piano: Ragnhild Hanssen
Produsert: Vegard Hanssen

Stream: iTunes, Spotify

Vers 1:
Kan du høyre når eg bed til deg,
min kjære Far i himmelen?
Eg er trøytt og sliten kjenner eg,
og treng litt trøyst frå deg
Eg famlar rundt i blinde,
går meg vill i denne vrimmelen
Hald fast i handa mi
og lei meg trygt på himmelveg

Vers 2:
Vær du nær meg når eg sovnar av,
ver nær meg når eg vaknar
Du ser meg i min kvardag,
alle oppgåver eg har
Kvar dag så sviktar eg
og sårar ofte dei eg elskar mest
Eg treng kvar dag din nåde ny,
kom nær meg kjære Far

Vers 3:
Takk at eg kan komme til deg Far,
du kjenner meg og elskar meg
Du vil aldri svikte barnet ditt,
er sterk når eg er svak
Kvar morgon kjem du til meg,
du vil alltid vakte mine steg
Din kjærleik sviktar aldri,
nåden din er ny kvar dag

0 Comments

Leave a Reply