Om
Eg, Ragnhild, bur på Lyefjell, ikkje langt frå Bryne på Jæren. Eg er gift med Vegard, og me har to jenter, Borghild og Marie. Opprinneleg kjem eg frå Bømlo i Sunnhordland, og har framleis sterke røter der.
Til dagleg jobbar eg no som kyrkjelydspedagog/trusopplærar i Time og Undheim, etter mange år som lærar i barneskolen. I tillegg driv eg med song og musikk i kyrkjelyden her me bur, både som songar, pianist og dirigent for barnegospel og ungdomskor.
Dei siste åra har eg prøvd meg på å skrive litt songar, og håpar dei kan vere til glede for andre.
